Kontrabass er eit fantastisk instrument å spele på. Etter å ha vore el-bassist i 20 år kjøpte eg min fyrste kontrabass og fekk ein opptur av dei sjeldne. Som kontrabassist får du ikkje noko gratis. Bassen er ein svær jævel som krev fysisk innsats for å levere det som ein el-bass gjer ved at du skrur opp litt opp på ampen. Det er verkeleg eit akustisk instrument så bassen reagerer i mykje større grad på det du gjer med den på godt og vondt. Eg skal garantere deg at du kjem til å få mange tunge stunder når det gjeld både såre fingrar og avgrensingar på kva du teknisk er i stand til å spele. Men samstundes så kjem du også til å få oppleve at spelinga di vert tilført nye dimensjonar som du vanskeleg kunne fått til på ein el-bass. For min eigen del så er det einaste eg angrar på at eg ikkje kom i gang med dette lenge før.
Men når eg byrja å spele kontrabass så måtte eg lære meg mykje om instrumentet og kva som må til for å få det til å funke. Mange av problemstillingane hadde eg ikkje ein gong tenkt var der før eg stod midt oppe i dei og mykje av utstyret eg trengte har eg fomla meg fram til etter prøve- og feile-metoden. Denne sida er meint å vere til hjelp for deg som skal ut på den same reisa. Det som står her er slik eg opplevde det og slett ikkje meint å vere noko oppskrift som gjeld for alle, men nokre generelle tips vil du nok finne her som kan gjere det litt lettare ute i utstyrsjungelen.
Er det noko som er feil på denne sida eller som du tykkjer manglar så skriv gjerne ein kommentar så skal eg korrigere ting etterkvart.
4 kommentarer:
Ja, va'kje detta bra dao.
Du får ikkje problem med senebetennelse og anna slitasje av å hamre på ditta store udyret som kontrabassen e?
Flottings! Dette er gullinfo for ein rookie-kontrabassist!
Flott sie!
Legg inn en kommentar