Søk i denne bloggen

søndag, februar 27, 2005

Skal du byrje å spele kontrabass?

Kontrabass er eit fantastisk instrument å spele på. Etter å ha vore el-bassist i 20 år kjøpte eg min fyrste kontrabass og fekk ein opptur av dei sjeldne.
Som kontrabassist får du ikkje noko gratis. Bassen er ein svær jævel som krev fysisk innsats for å levere det som ein el-bass gjer ved at du skrur opp litt opp på ampen. Det er verkeleg eit akustisk instrument så bassen reagerer i mykje større grad på det du gjer med den på godt og vondt. Eg skal garantere deg at du kjem til å få mange tunge stunder når det gjeld både såre fingrar og avgrensingar på kva du teknisk er i stand til å spele. Men samstundes så kjem du også til å få oppleve at spelinga di vert tilført nye dimensjonar som du vanskeleg kunne fått til på ein el-bass. For min eigen del så er det einaste eg angrar på at eg ikkje kom i gang med dette lenge før.
Men når eg byrja å spele kontrabass så måtte eg lære meg mykje om instrumentet og kva som må til for å få det til å funke. Mange av problemstillingane hadde eg ikkje ein gong tenkt var der før eg stod midt oppe i dei og mykje av utstyret eg trengte har eg fomla meg fram til etter prøve- og feile-metoden. Denne sida er meint å vere til hjelp for deg som skal ut på den same reisa. Det som står her er slik eg opplevde det og slett ikkje meint å vere noko oppskrift som gjeld for alle, men nokre generelle tips vil du nok finne her som kan gjere det litt lettare ute i utstyrsjungelen.
Er det noko som er feil på denne sida eller som du tykkjer manglar så skriv gjerne ein kommentar så skal eg korrigere ting etterkvart.

Bassen

Det er diverse ulike størrelsar på bassane. Dei to mest vanlege er ¾ og 1/1.
¾ er den minste av desse. Bassen er framleis stor og svær, men er ca 20 cm lågare enn 1/1-størrelsen og den har eit tilsvarande mindre volum i sjølve resonatorkassa. Akustisk så gjev denne størrelsen noko mindre volum det enn 1/1-bassen har. Dette er nok den størrelsen som er mest vanleg som reisebass og det har sine grunnar. På avstand så kan det vere vanskeleg å sjå om det er ein ¾ eller ein 1/1 du har framfor deg, men når du skal dra med deg bassen i bilar og i andre transportmiddel så vil du fort merke at det er ulik størrelse på dei.
Så mi erfaring er at om du planlegg å bruke bassen uforsterka og ikkje skal flytte så mykje på den så kan du kjøpe deg ein 1/1- bass, men skal du ut på tur så er det ein fordel å bruke ein ¾ -bass. Sjølv så har eg både 3/4 og 1/1-bass og har fått erfare at det ikkje er uproblematisk å reise rundt med den største. Bassen byrjar å sjå ganske så herpa ut.
I all hovudsak er det to typar materiale som er nytta når ein byggjer ein kontrabass.
Den fyrste og rimelegaste er laga av kryssfinerlaminat. Dette er solide bassar som står for ein støyt. I og med at dei er laminerte så toler dei juling, temperaturvariasjonar og fuktigheitsendringar betre enn heiltre-bassar gjer.
Heiltre-bassar eller laminerte bassar med heiltre-topplok er den andre typen. Gran og lønn er dei vanlegaste materiala som er nytta. Dette er rekna for å vere det beste du kan få når det gjeld lydkvalitet. Heiltreet svingar på ein betre måte enn dei laminerte bassane gjer. Samstundes skal det mykje mindre til før desse bassane sprekk og det er dette som tek livet av dei fleste kontrabassar.
Når det gjeld merker og modellar så overlet eg til einkvar å finne ut kva som måtte passe. Hugs berre på at du må ha ein komplett utstyrt bass for å kunne dra ut på vegen med den. Det kan ta litt tid å finne fram til det som er optimal utstyrskombinasjon for deg, så ikkje legg for mykje pengar ned i fyrste bassen før du veit meir om kva du har lyst til å ende opp med.

Lukke til på ferda skal du iallfall ha.

Stolen

Eit vesentleg punkt på ein kontrabass er stolen som strengane kviler på. Stolen er tilpassa til kvart enkelt instrument og dette bør du få gjort av nokon som veit kva dei driv på med. Samstundes så må du tenkje på at du kan ikkje justere dette seinare om ikkje du er nøgd med måten stolen er tilpassa på. Har du teke for mykje av stolen kan ikkje dette rettast opp att, har du derimot teke for lite av så kan du sjølvsagt få dette justert ytterlegare seinare. Så pass på at du formidlar til tilpassaren presist kva du ynskjer når det gjeld strengehøgd.

Anbefala strengehøgd er: G - 7mm, D - 9mm, A - 11mm, E - 11mm. Strengehøgda vert måla på nedste kanten av gripebrettet. For dei som spelar mest slap bass så er det ein fordel om stolen er sett opp noko høgare. Dette er sjølvsagt individuelt, men i utgangspunktet bør du ha frå 10 til 13mm klaring i frå gripebrettet. Personleg har eg det endå høgare, men så har eg då ein særdeles grebbete teknikk.

Til dei som ikkje kjenner begrepet slap bass:

Slap bass er ein teknikk der du løftar strengen opp i frå gripebrettet for så å sleppe den ned slik at den smell ned att på gripebrettet og lagar ein klikkete lyd. Teknikken er mykje brukt når du spelar rockabilly og i enkelte tilfeller bluegrass/country.

Ein annan måte å løyse dette på er å kjøpe ein stol som har justeringsmogelegheiter. Desse stolane er litt dyrare enn vanlege stolar, men kan altså justerast etter smak og behag. Sett då opp stolen så lågt som mogeleg i utgangspunktet og bruk så justeringsskruane til å justere til den høgda som du føler er rett for deg. Men noter deg at du bør framleis få tilpassinga av sjølve stolen gjort av ein fagmann. Slike stolar kan også vere bra for å justere vekk ”vinterbass-fenomenet”. Om vinteren er luftfuktigheita lågare og dette kan føre til at avstanden i frå gripebrett til streng kan endre seg mellombels.

Stolen er kun festa til bassen ved at presset på strengane held den på plass. Du vil fort få erfare at dette er bassen sitt mest sårbare punkt. Det skal ingenting til før stolen kjem ut av posisjon eller fell heilt av. Då må du kunne få den på plass att. Det gjer du ved å løyse opp strengane slik at du får plassert den på korrekt plass. Plasseringa skal vere rett over lydpinnen. Denne lydpinnen finn du ved å kikke ned i eit av dei to F-hola i bassen. Pass på at du får rett vinkel på stolen når du spenner strengane opp att. Er vinkelen feil vil stolen kollapse før eller seinare.

Strengar

Det er sikkert like mange ulike meiningar om kva som er gode strengar som det er bassistar i denne verda. Eg legg her fram mitt høgst subjektive syn på saka. Det som er eit faktum er i alle fall at det er svært dyrt å kjøpe strengar til kontrabass. Dette gjer at dei fleste kvir seg for å skifte strengar i tide og utide og difor kan det vere greitt å ta med seg dei tipsa som dukkar opp på vegen.


Stålstrengar
Stålstrengar er den mest vanlege typen strengar for kontrabass. Det fins eit utal produsentar av slike og eg veit rett og slett ikkje kva som er dei kvalitetsmessige ulikskapane på dei. Dei gjev ein klar og syngande tone. Det er ikkje så mykje botn i dei som i tarmstrengar og lyden er relativt metallisk, men den klare lydkarakteristikken er det mange som likar. Dette er dei strengane som har definitivt lengst levetid. Desse strengane treng du ikkje byte før du tykkjer dei har mista for mykje av lyden som dei hadde som nye. Likar du ”gamalstrengslyd” så kan du sikkert ha desse på bassen i årevis. Dei er i tillegg heilt vedlikehaldsfrie, du treng berre passe på at det ikkje set seg for mykje drit på dei. Desse strengane er dei som har høgast action og er tøffast for fingrane dine å spele på, men dei fins i mange ulike tjukkelsar så her er det berre å prøve seg fram til du finn den tjukkelsen som passar deg best. Berre tenk over at jo tynnare strengane vert jo mindre botn har dei.
Gut-strengar(Tarm-strengar)
Lyden i desse strengane er heilt unik. Den gjev ein litt kort og dump tone som er umogeleg å få i stålstrengar. Lyden er veldig organisk, men du må jobbe meir for å få desse strengene til å spele enn du må med stålstrengar som gjer jobben meir sjølv. Dei fleste slap-bassistar elskar slike strengar grunna den fine effekten ein får ved å spele nettopp slap bass på dei. Det er ein del dissens om denne lyden er god eller ikkje, men for dei som likar denne typen lyd så er desse strengane det beste som er å få tak i. Det er og eit faktum at dei har lavare action enn stålstrengar så dei fer ikkje så hardt med fingrane dine når du speler på dei.
Dette er dyre strengar som har relativt sett kort levetid. Dei er ofte handlaga. Alt etter kvalitet, bruk og vedlikehald varar dei i frå ½ til 1 ½ år. Prisnivået i norske butikkar ligg i frå 1.800,- til 4.000,- for eit sett. Importerar du dei sjølv så kan du fort spare 20-50% på å gjere det. Dette gjeld sjølvsagt alle typer strenger.
Desse strengane er ferskvare, jo eldre dei er jo meir tørkar dei ut og det påverkar sjølvsagt levetida. Tenk på det før du bestiller slike strengar på Internett, ryk strengen etter ei vekes bruk kan det vere greitt å ha ein forhandlar å henvende seg til. Finn i alle tilfelle ein seriøs leverandør om du bestiller på nettet.
Ein kan forlenge levealderen ved å setje dei inn med olje for å redusere uttørkinga. Valnøttolje er då ei god olje å bruke, enkelte andre oljer legg att så mykje smuss at det går ut over lydkvaliteten. Dra på olja med ein klut om kvelden og tørk vekk restane med ein tørr klut neste morgon. Ved vanleg bruk er det nok å olje ca. annankvar veke. Legg og merke til at om du har omspunne strengar så skal ikkje desse oljast om ikkje du finn at omspinninga startar å losne i frå sjølve strengen. Då kan det vere smart å olje desse og slik at kjernen i strengen utvidar seg og omspinninga set seg att.
Det som tek knekken på desse strengane er vanlegvis ein av to ting;
1. Dei to grovaste strengane (A- og E-strengen er ofte omspunne med alt i frå nikkel til sølv) har ein tendens til at omspinninga slitnar og då er strengen ubrukeleg. Alternativt kan du bruke E- og A-strengar som er reine tarmstrengar, men ver då klar over at i alle fall E-strengen vert veldig tjukk og slapp slik at det går ut over speleeigenskapane til strengen.
2. Dei reine tarmstrengane vil over tid tørke ut og flise seg opp slik at lyd- og spelekvalitet vert dårlegare.
Har og høyrt om nokre få tilfeller der desse strengane rett og slett har slitna. Dette skuldast truleg at strengane har vore gamle når ein har teke dei i bruk og av den grunn er sprøe og uttørka. Har aldri opplevd dette sjølv.
Dette er den strengetypen som eg har mest erfaring med å bruke og personleg likar best. Føler ikkje at eg har fått prøvd nok strengar endå, men dette er så langt favorittstrengane mine. Det er nok rett å hevde at dette er den strengetypen som har størst kvalitetsvariasjon i og med at dei er ofte handlaga i større eller mindre grad.
Eksempel på slike strengar:
La Bella Plain Gut. Sølvomspunnen A- og E-streng. Svært god. Flott lyd og lang levetid. Pris 3.200,-
Lenzner Musiksaiten Supersolo. Omspunnen A- og E-streng. God. Flott lyd, men har kort levetid. Pris ca. 2.000,-
Velvet Garbo. Nikkelomspunnen A- og E-streng. Middels. God lyd, men kort levetid. Pris 1.800,-
Nylonstrengar

Dette er dei rimelegaste strengane du kan få tak i. Prisnivået ligg i frå kr. 750,- og oppover. Har sjølv berre prøvd dei ein gong og kjem ikkje til å gjere det på nytt om ikkje økonomien tvingar meg til det. Lyden i desse er for så vidt ok. Dei kan til ein viss grad minne om lyden i tarmstrengar, men kjem på langt nær opp mot desse i lydkvalitet. Om du likar lyden i stålstrengar best så er ikkje dette strengane for deg.
Desse strengane er veldig tjukke og har veldig lav action slik at dei er snille med fingrane dine, men dei kan være vanskelege å få god respons i. Men i og med at dei er snille med fingrane dine og billege så kan dei kanskje vere ok strengar når du skal byrje å spele kontrabass.
Når det gjeld levetida så er den relativt kort, i alle fall om du brukar strengar som er omspunne. Omspinninga på mine byrja å losne etter eit par vekers bruk og desse strengane hjelper det ikkje å olje for at omspinninga skal setje seg att. Men det eg likte aller minst med desse strengane var at dei har ulik action i frå streng til streng og det klarte eg ikkje å venne meg til.
Eg må presisere at vurderingsgrunnlaget mitt er noko grunt i og med at eg berre har prøvd ein type av desse, men så langt vurderer eg desse til å vere kriseløysings-strengar. Det skal finnast typar som er kvalitetsmessig mykje betre enn dei eg har prøvd.
Eksempel på slike strengar:
Her kjem meir info seinare.

Forforsterking

Signalet du får i frå ein kontrabass er vanlegvis mindre enn det du får i frå ein el-bass. Dette er lettast å kompensere ved å bruke ein forforsterkar som kan løfte signalet i frå bassen før du slepp det inn på forsterkaren din. Då slepp du å tyne forsterkaren din for å få nok løft i lyden.
Eg har sjølv ein Fishman Pro-Eq Platinum Bass som er ein kombinert pre-amp, equalizer og DI-boks som er er så nøgd med at eg ikkje har testa ut fleire. Men utvalget er enormt så du får berre ha lukke til med leitinga. Det er sagt at den optimale pre-ampinga for kontrabass får du ved å bruke ein røyr-preamp. Dette har eg ikkje fått testa ut, men eg kan førestille meg at det stemmer.

Mic-system

Dei fleste mic-system for kontrabass er basert på at mikrofonen/mikrofonane skal ta opp svingingane i frå treet i kontrabassen for så å sende desse vidare til forsterking. Eit av problema du har med sånne system er at du ofte får eit mykje lågare signal i frå desse systema enn du ville fått i frå ein el-bass. Dette vert ofte kompensert ved å bruke ein preamp før signala vert sendt vidare eller ved at sjølve mic-systemet vert levert med preamp inkludert.
Av dei systema eg har prøvt er det berre eit som kan fungere utan preamping.

Det er viktig å merke seg at monteringa av mic-systemet er viktig. Eg monterte mitt fyrste system sjølv og då var lyden roten og signalet veldig lavt sjølv om eg følte eg monterte det på korrekt vis. Leverte så bassen inn til ein fagmann og resultatet vart plutseleg hundre gongar betre. Det er ikkje i utgangspunktet så lett å finne det rette presset på mikrofonane som dei treng for å kunne formidle svingingane i frå treet vidare. Har du for lite press klarar ikkje mikrofonane formidle signalet vidare og har du for høgt press kan du faktisk øydeleggje mikrofonane.

Sjølv brukar eg eit system som er rimeleg og heiter Shadow SH 950 som er eit system som består av to mikrofonar som er tilpassa inne i sjølve stolen på bassen. Dette systemet har fungert veldig bra for meg, men det leverer eit for lågt signal til det kan fungere optimalt utan preamping.

Eksempel på mic-system:
Fishman – Leverer ulike mic-system som mange likar godt. Ikkje min favoritt, til det tykkjer eg lyden er for farga.

Shadow SH 950 – Eit billeg og påliteleg system. Heilt ok.

The Realist - Eit relativt billeg system som leverer eit særs godt signal utan preamping. God lyd.

K&K Sound – Leverer ulike system som er berekna til slap bass spesielt. Rocke-mikken personleg og dei fleste av desse kan leverast med preamp.

Forsterking

Dette er rett og slett ei smakssak. I all hovudsak er det trøkket du har buk for på scena som bestemmer kva forsterking du treng i tillegg til kva lydideal du har. Nokon vil føretrekke å bruke ein liten kombo med for eksempel 1x12” høgtalar, altså ein forholdsvis liten forsterkar som løftar lyden litt før du sender den ut på PA-anlegget. Men spelar du på fullt bandtrøkk så vil du då trenge ekstra monitoring for å kunne høyre deg sjølv.
Alternativet til dette er då å skaffe seg ein større rigg med separat forsterkar og kabinett som kan produsere den lyden du treng på scena av seg sjølv. Sjølv har eg endå til gode å spele på ein kombo som kan levere nok i alle samanhengar.
Det einaste du treng å passe ekstra på når du skal forsterke ein kontrabass er at den har grovare frekvensar enn ein el-bass har. Det kan føre til at høgtalarar som ikkje er berekna på dei heilt lågaste frekvensane kan vrenge allereie på eit relativt lavt volum.
Å gi råd om kva forsterkar som er best er umogeleg. Einkvar sine personlege lydideal må bestemme dette. Sjølv spelar eg på ein Ampeg SVT Classic røyrforsterkar med Ampeg SVT 8x10-kabinett til. Dette er for meg den ultimate riggen sjølv om den er både svær, tung og lite transportvennleg.

Feedback-problem

Feedback er ein av dei problemstillingane du kjem til å kome i kontakt med når du spelar kontrabass. Det er ulike grunnar til at feedback oppstår, men eg skal prøve å skissere nokre måtar som kan hjelpe på dette.
  1. Dekke over F-hola på bassen med tape. Dette er det fyrste eg ville prøve.
  2. Flytt deg lengre vekk i frå forsterkaren. Hjelper godt på.
  3. Skru ned forsterkaren. Får du då for lite lyd får du kjøpe deg større amp. Når du tyner ein amp er det sannsynleg at du får feedback-problem.
  4. Det er alltid bestemte frekvensar som feedar. Jobb med eq-en på forsterkaren og er ikkje denne presis nok så må du skaffe deg ein betre eq.
Kriseløysing når feedback oppstår medan du speler: Klem bassen fast mellom knea slik at treet får mindre høve til å svinge og lage feedback. Fungerer betre enn du skulle tru.

Diverse

Her kjem meir seinare.